|
|
Urnes Gard ligg ved ei arm av Sognefjorden i ein natur som er noko av det mest storslagne Noreg kan by på. Som gjest kan du velje å slappe av og berre nyte synet av fjorden og fjella ikring, eller du kan bruke dei mogelegheitene naturen byr på til avkopling og nedstressing:
Attraksjonar
|
Urnes Stavkyrkje

Urnes Stavkyrkje ligg berre eit steinkast unna og har ope kvar dag i sesongen for omvisning. |
Ornes Båtbyggeri

Ornes Båtbyggeri vart grunnlagt i 1975 og bygger og reparerer båtar. Dei har i tillegg bygd 10 vikingskip, seinast ein kopi av Osebergskipet for eit museum i Japan, og 17. mai scena i Bergen, "Olav Kyrre" |
Feigumfossen

Feigumfossen finn du ca 15 min innover fjorden med bil. Det er merka tursti opp til fossen, som har eit fritt fall på 218 m.
|
|
Haustmarknad

I august kan ein vere med på marknad der lokale produsentar møter opp med produkta sine. Det er og vanlegvis ein konstert i forbindelse med marknaden. |
Galleri Walaker

Eit kunstgalleri i ein gamal låve, som har utstillingar heile sommarsesongen. Ein tar ferja over til Solvorn og galleriet ligg ca 100 meter frå kaia. |
Munthehuset

Munthehuset i Kroken ligg ca 10 min unna med bil. Det var tidlegare husmorskule og kunstnarsenter, og er restaurert i dei seinare år. Omvising etter avtale.
|
|
|
Lerum Saftmuseum

Ca 20 min med bil. Her starta Lerum-eventyret. Omvising etter avtale. |
|
Aktivitetar
|
Fiske og bading i Lustrafjorden

Kjøper ein fiskekort kan fiske i Lustrafjorden vere ein hyggeleg aktivitet. Robåt tilgjengeleg. Varme sommardagar er det og fine plassar i området der ein kan ta seg eit bad i fjorden.
|
MORELD kajakkpadling i Vetle Kroken

Ca 10 min (med bil) unna, i Vetlekroken, er det mogeleg å leige kajakkar for ein padletur på fjorden. |
Tur til husmannsplassen Kvalen

Frå nabobygda Kinsedal (5 min med bil) går det sti langs fjorden til husmannsplassen "Kvalen" |
|
Solvornsbui
Landhandel, ein tar ferje frå Ornes til Solvorn og Solvornsbui ligg ca 50 m frå kaia |
Fjellturar

Fjellturar etter godt oppmerka stiar, med kart og skildring av ruta:
Til vårstølen "Kveken" (lett tur, ca. 30 min. gange frå enden av bilvegen)
Til sommarstølen "Nystølen" (middels tung tur, 2-3t. gange).
|
Kulturhuset i Skjolden

Kulturhuset i Skjolden ligg ca 30 min unna med bil. Der finn ein m.a. klatrevegg og badebasseng |
|
|
Kultursti på Ornes
Kom på plass i juni 2007. |
|
[Tilbake]
|
Urnes Gard og Hjortefarm



|