Panorama Ornes
Du er her: Startside > Frukt og bær  
Frukt og bær
 

Meny

Startside
Kafè og utsal
Overnatting
Frukt & bær
Hjortefarm
Aktivitetar & attraksjonar
Fotogalleri

Kontaktinformasjon

Urnes Gard & Hjortefarm
6870 Ornes
Tlf 90600218 / 93426399
urnes-gard@urnes.no
www.urnes.no
 

Gjestebok

Gjestebok, guestbook

Urnes Gard er ein typisk vestlandsgard. Ypperleg klima og jordsmonn gjer at vi kan produsere frukt og bær av høg kvalitet.

Eple

har vore dyrka på garden i fleire generasjonar. No er eplehagen redusert til rundt 150 tre, mest Raud Gravenstein og Aroma, men og nokre sommarsortar. Mestedelen av produksjonen går til pressing av råsaft, som vert seld i gardsbutikken vår, på marked, i nokre butikkar, kafear og restaurantar, samt nytta i kafèen.

Bringebær

Bringebær

I bringebærfeltet på ca. 16 da vert det dyrka mest Veten. Den vert levert til Luster Grønt for nedfrysing og seinare bruk i konservesindustrien, m.a. til Lerum i Sogndal. Konsumbæra av sortane Glen Moi, Glen Lyon og Glen Ampel vert plukka i småbeger, og sendt til Oslo og Bergen. Noko vert seld direkte frå garden, og ein stadig aukande del vert nytta som råstoff i eigen produksjon av saft og syltetøy.

Blåbær

Blåbærhagen er på ca. 2,5 da og har 5 ulike sortar. Dei store søte hageblåbæra vert selde frå gardsutsalet som frisk-konsum eller nytta i produksjon av sylte og saft.

Moreller

Morellehagen er på ca 1 da og tel 5 ulike sortar. Morellene vert selde frå gardsutsalet som friskkonsum eller nytta som råvare i kafèen.

JordbærJordbær

Hausten 2006 vart det planta ca 1 da jordbæra, som vil bli selde frå gardsutsalet som friskkonsum eller nytta som råvare i kafeèn.

 

 

Produkt

Alle produkta på Urnes Gard vert framstilt av råvarer frå garden og vert vidareforedla på garden. Både saft og syltetøy inneheld svært lite sukker. Eplemosten er 100% fruktsaft utan tilsetning av noko slag.

Bringebærsaft, flasker

Bringebærsaft

0,7 ltr glassflaske NOK 60

0,5 ltr glassflaske NOK 45

 

 

Bringebærsaft, Bag-in-Box

Bringebærsaft

Bag-in-box 3 ltr NOK 210

Bag-in-Box 3 ltr drikkeklar NOK 85

Bringebærlimonade, plastflasker

Bringebærlimonade

0,5 ltr drikkeklar NOK 25

 

Eplemost, flaske

Eplemost

0,5 ltr flaske NOK 25

Eplemost, Bag-in-Box

Eplemost

3 ltr Bag-in-Box NOK 100

 

 

Bringebærsyltetøy

Bringebærsylte

195 ml NOK 25

370ml NOK 45

Blåbærsyltetøy

195 ml NOK 35

370 ml NOK 55

 

Blåbærsaft

0,7 ltr glassflaske NOK 70

0,5 ltr glassflaske NOK 55

Syltebær, frosne

5 ltr spann NOK 200

Produkta er å finne i gardsutsalet på Urnes Gard, på Bondens Marked i Førde, og andre marked der Urnes Gard er representert, i nokre butikkar på Voss og i området rundt; Bergen og omland, samt Luster og Sogndal.

Omvisning

På Urnes Gard kan du få omvisning i frukt- og bærhagane. Etter ei innføring i møtelokalet, tek bonden deg med på ein rundtur i hagen. Smaksprøvar er inkludert. Her kan du få nyttige tips enten du er hobby-dyrkar eller profesjonell.
Omvisninga tek ca. 1-1,5t (avhengig av kor mange spørsmål du har).

1-5 personar: NOK 250 pr. omvisning
Over 5 personar: NOK 50 pr.stk.
Omvisning må avtalast på førehand.

[Tilbake]

 

Urnes Gard og Hjortefarm

Overnatting