I den gamle driftsbygningen på garden finn du
"Gamlefjøsen" kafè. Der kyr, oksar og grisar heldt til
før, kan du no nyte enkle måltid. Urnes Gard er medlem av Norsk Bygdeturisme og Gardsmat, og råvarer frå garden, -frukt og bær, er viktige ingrediensar.
Kafèen har øl- og vinrettar.
Enkle varmrettar. Grupper bør bestille.
I kafèlokalet er det og eit gardsutsal der ein kan kjøpe
varer hovudsakeleg frå lokale produsentar.
Døme frå utvalet:
- “URNES eplemost"; råpressa eplemost frå garden
- Honning; bringebærhonning produsert i Luster
- Bringebærsaft
- Bringebærsyltetøy av delikatessebær
- Blåbærsyltetøy
- Handverk av lokale produsentar:
Varespekteret varierer og er i stadig utvikling
Gamlefjøsen kafè har opningstid frå 10.30 til 17.30 alle dagar frå først i juni til 1.september.
Frå kafèen fører ei trapp opp til høyloftet, der det er innreidd eit stemningsfullt lokale på ca 70 m2. Dersom du treng lokale for ei spesiell anledning, ta kontakt for nærmare opplysningar.
[Tilbake]
|