![]() |
| Du er her: Startside > Om oss |
Om oss |
|
Garden er ein typisk vestlandsgard med variert produksjon. Klima og jordsmonn gjer at vi kan produsere frukt og bær av høg kvalitet. Fjellbeite muleggjer sauehald, og skogen forsyner oss med materiale til eige bruk. Vi jaktar på hjort, rein og rådyr. Gardsdrifta er i dag hovudsakleg produksjon av bringebær, men vi dyrkar òg jordbær, moreller, hageblåbær og eple. Eple og bær vert vidareforedla på garden til most, saft og syltetøy. Produkta vert selde på Bonden Marked, i fleire butikkar i eige fylke og nabofylka, i kafear og restaurantar, og i nokre sesongopne senter. For nokre år sidan avvikla vi det tradisjonelle husdyrhaldet på garden, og seinhaustes 2004 var dei første hjortane på Urnes hjortefarm på plass. No er talet på hjortar omlag 50. Hovudføremålet med hjorteoppdrettet er vidareforedling av hjortekjøt, samt eit opplevingstilbod til besøkjande på Ornes. Hjortane er etterkvart blitt svært tamme, og du har mulegheit til å delta på fôring og få orientering om hjorten. Urnes Gard har Urnes Stavkyrkje som nærmaste nabo. Garden vert i dag driven av Britt og Odd John Bugge. Buggeslekta kan sporast tilbake til rundt 1500 på Ornes, men Ornes har vore sete for høgadel langt tilbake i oldtida. Urnes Gard i gamal tid Ornes var på 1300-talet den største garden i Sogn , og mot slutten av 1400-talet truleg den største adelsgarden i landet. Ornes var ein adelsgard like til 1663 då bergens-biskopen Jens Schjeldrup kjøpte den. Seinare gjekk garden i arv til dottera hans som gifta seg med presten Jens Bugge i Leikanger. Ornes gjekk deretter i arv i Buggeslekta. Etterkvart vart Ornesgarden delt i fleire bruk. Urnes Gard er det tidlegare hovudsetet. Til venstre er "Slægten Bugges vaapen".
|
Urnes Gard og Hjortefarm
|