Ny etikett-design

Frå nyttår avslutta me eit godt samarbeid med grossisten vår gjennom mange år på grunn av vegval me har gjort. Det stod mellom å automatisere produksjonen meir, bli større og produsere meir, eller rett og slett bli mindre og halde på dei manuelle prosessane våre og det handlaga preget. Me gjorde som kjerringa og gjekk mot straumen, og ved å slutte å levere til grossist så sluttar me og å levere til dei fleste butikkar. Me vil framover selje direkte til kunde via marknadar, eige gardsutsal og mogelegvis nettbutikk om me får det til, samt til lokale butikkar, restaurantar, hotell, spesialforretningar mv.

I den forbindelse er me snart i hamn med å endre design på etikettane våre. Me treng noko som tydelegare får fram at det me lagar er handverk og handlaga, me er der for heile løpet frå jord til glas og flaske! Samstundes vil me no kunne bruke fleire av dei ressursane me har på garden sidan me kan lage produkta i mindre opplag. Det opnar i større grad for ei betre utnytting av det me har.  Etikettane må difor vere fleksible og kunne passe til fleire produkt. Me har vore så heldige å få Bjørg Froisok Bjøberg til å lage akvarellar til dei nye etikettane våre, og Arthur Adamson har satt dei saman til illustrasjonar.  Dei har galleri i Balestrand, Det Gylne Huset

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *