HJORTEFARM

Hjortefarmen vart påbegynt hausten 2004, og sidan den gong har talet på hjorteflokken gradvis bygd seg opp til dagens tal som er omlag 30 dyr med stort og smått. Drifta av hjortefarmen består av sal av livdyr til andre hjorteoppdrett, førehandsbestilt omvisning for grupper og enkeltpersonar og sal av hjortekjøt. Hjortefarmen har sitt eige godkjende slakteri på garden.

Hjort har erfaringsmessig gode føresetnader for oppdrett. Levealder for ei hind ligg gjennomsnittleg på 17 år, og ho får (avhengig av vekt) kalv som 2 eller 3-åring. Dei er å rekne som fullvaksne når dei er 5 år og har då ei vekt på 60-90 kg. Bukkane er noko seinare og er fullvaksne ved 6-8-års alder. Dei veg då 80-120 kg. Ein kronhjort kan bedekke eit stort tal med hinder.

Hjorten et det meste, men har evna til å velje ut beiteplanter med høgare næringsinnhald. Dette gjer den særleg i produksjonsperioden, som er sommarhalvåret. I denne perioden er det viktig at den har tilgang til proteinrik og lettfordøyeleg kost. Når ein kjem til vinterhalvåret, vert stoffskiftet kraftig redusert og ein får då lite igjen for å fôre med same næringsrike kosten. På hjortefarmen får hjorten silo, høy, kraftfôr og noko gulrøtter og eple i sesongen – i tillegg til gras og greiner.

DEER FARM

The deerfarm was started in the fall of 2004 and since then the number of deers has gradually been built up to todays number which is around 30. The production at the deer farm consist of selling live animals to other deer farms, deer safaris and meat production

Deer has, based on experience, good aspect for breeding. Average age for a female deer is 17 years, and depending on her weight she will have her first calf as a 2 or 3 year old. They are concidered adults when they reach 5 years and at that point they weigh approxomately 60-90 kilos. The male deer is not concidered an adult untill he is 6 to 8 years old. They will then be about 80 to 120 kilos. A crown deer can cover a large number of female deer.

The deer will eat most of what is available, but can also select the food wich containes a higher level of nourishment. It will do this specially in their production period which is the summer half of the year. In this period it is important that it has access to food rich in proteins and easily digestable. In the winter their metabolism is heavily reduced and a diet like the one in the summer is waisted.