OVERNATTING

I 1997 byrja arbeidet med restaureringa av gamle uthus på garden. I dag kan vi tilby overnatting i Eldhuset (4 personar), i husværet i Gamlefjøsen (4-6 personar) og i to rom. I alt 12-14 sengeplassar.

Med så mange mogelegheiter for aktivitetar og sightseeing innan rekkevidda til ein dagstur er Urnes Gard ein flott base for deg som likar å oppleve noko i ferien. Det er gode turalternativ på alle kantar, me har historie og kultur rett utanfor døra og om kvelden når kyrkja er stengt for dagen kan ein nyte absolutt stille og ro med nydeleg utsikt over fjord og fjell. Det kan vel knapt bli betre! Ta ein kikk innom Aktivitetar og Attraksjonar for å sjå kva som fins i området.

NYTTIG INFORMASJON

Det er høve til klesvask og stryking. Kolgrill til utlån (kol må medbringast).

Ornes er ein liten plass, og det er ingen matbutikkar på staden (eller andre butikkar for den del). På veg hit er det difor greitt å foreta eventuelle naudsynte innkjøp for opphaldet. På vegen vil du passere ein eller fleire av dei følgjande plassane:

Skjolden: Liten matvarebutikk, spisestad (Skjolden Brygge, Eide Gard, Skjolden Hotell), Gaupne: Matvarebutikk og eit lite kjøpesenter med klesbutikk, sportsbutikk, bokhandel, interiør- og fargehandel, blomsterbutikkar mv. Vinmonopolet og apotek er der og. Spisestad (Sandvik Camping, Gaupnetunet, Pyramiden Kafé), Sogndal: Det største kjøpesenteret i området, enkeltbutikkar, apotek, postkontor mv. Fleire restaurantar/spisestader, Solvorn: Kafé. Ornes: Sist men ikkje minst; på Urnes Gard sel me nydeleg syltetøy, eplemost og saft laga på garden av eigenproduserte råvarer. Kafeen er open kvar dag juni-august mellom kl 11.00 og 17.30.

ACCOMMODATION

In 1997 we started to restore some of the old farmhouses Today we can offer accommodation in Eldhuset (4 persons), in an apartment in Gamlefjøsen (4-6 persons) and in two rooms. All together 12-14 beds.

With so many opportunities for activities and sightseeing within the reach of a day excursion; Urnes Gard is a great base for those who like to experience things in their vacation. There are good hiking possibilities all around us, we have history and culture right outside our door, and in the evenings when Urnes Stave Church is closed for the day you can enjoy absolute peace and quiet with a beautiful view of mountains and fjord. Can it get any better? Have a look at Activities and Attractions to see some of what you can see and do in the area.

USEFULL INFORMATION

There are possibilities for laundry and ironing. Coal grill can be borrowed (bring the coal!).

Ornes is a small village, and there is no place to buy groceries here. On your way here you will pass at least one of the following places where there are such possibilities:

Skjolden: Grocery shop, places to eat (Skjolden Brygge, Eide Gard, Skjolden Hotell) Gaupne: Grocery shop, a small selection of other shops for clothes, sporting goods, books, interior items, flowers, etc. There is also “Vinmonopolet” – where you can get wine, which is not sold at regular grocery shops, places to eat (Pyramiden Café, Sandvik Camping, Gaupnetunet), Sogndal: The largest shopping center in the area, single shops and a large mall. There is also a pharmacy and a post office, and several restaurants, Solvorn: Café and least, but not last; at Urnes Gard we have excellent jam, lemonade and juice for sale, made at the farm from self produced berries and fruit. Gamlefjøsen Café is open between 11.00 and 17.30 every day from June till end of August.