OM OSS

Urnes Gard i dag
Garden er ein typisk vestlandsgard med variert produksjon. Klima og jordsmonn gjer at vi kan produsere frukt og bær av høg kvalitet. Skogen forsyner oss med materiale til eige bruk og vi jaktar på hjort, rein og rådyr.

Gardsdrifta er i dag hovudsakleg produksjon av bringebær, men vi dyrkar òg jordbær, moreller, hageblåbær og eple. Eple og bær vert vidareforedla på garden til most, saft og syltetøy. Produkta vert selde i butikkar på Østlandet, i Hordaland, i nærområdet, på Bergen Matfestival, i ulike kafear og restaurantar, og i eige gardsutsal.

For nokre år sidan avvikla vi det tradisjonelle husdyrhaldet på garden, og seinhaustes 2004 var dei første hjortane på Urnes hjortefarm på plass. No er talet på hjortar omlag 50. Hovudføremålet med hjorteoppdrettet er vidareforedling av hjortekjøt, samt eit opplevingstilbod til besøkjande på Ornes. Hjortane er etterkvart blitt svært tamme, og du har mulegheit til å delta på fôring og få orientering om hjorten.

Urnes Gard har Urnes Stavkyrkje som nærmaste nabo. Sidan slutten av 90-talet har vi bygd opp ei reiselivsbedrift i tilknyting til garden.

Garden vert i dag driven av Randi Kristin Bugge og Nils Landro. Buggeslekta kan sporast tilbake til rundt 1500 på Ornes, men Ornes har vore sete for høgadel langt tilbake i oldtida. Marianne Bugge driv Gamlefjøsen Kafé og tar i mot grupper og selskap.

Urnes Gard i gamal tid 
Ornes var på 1300-talet den største garden i Sogn , og mot slutten av 1400-talet truleg den største adelsgarden i landet. Ornes var ein adelsgard like til 1663 då Bergens-biskopen Jens Schjeldrup kjøpte den. Seinare gjekk garden i arv til dottera hans som gifta seg med presten Jens Bugge i Leikanger. Ornes gjekk deretter i arv i Buggeslekta. Etterkvart vart Ornesgarden delt i fleire bruk. Urnes Gard er det tidlegare hovudsetet. Til venstre er “Slægten Bugges vaapen”.

ABOUT US

Urnes Gard and deerfarm today

Where Europe’s longest fjord, Sognefjorden, stretches deep into the country and meets Jotunheimen and the Jostedal Glacier, you’ll find the municipality of Luster. Urnes Gard is situated on the east side of Lusterfjorden, in a village called Ornes.
Our farm is typical for this part of the country, with a variety of products. An excellent climate as well as soil makes it possible to grow fruit and berries of very high quality. Hunting reindeer and deer provides the household with all the meat we need through the winter, and from the forrest we get timber.

Today our main production is raspberries, but we also grow strawberries, cherries, blueberries and apples. We have a deer farm with 50 deer.

Urnes Gard is ajacent to Urnes Stave Church.

In 1997 we started to look into tourism, and have been expanding the product every year since then.
Randi Kristin Bugge and Nils Landro are running the farm today. The Bugge family can be tracked back to the 15th century on Ornes, but people have been living in Ornes long before that.

Urnes Gard in ancient times

In the 13th century, Ornes probably was the biggest farm in Sogn, and at the end of the 14th century  maybe the biggest farm for nobility in the whole country. Ornes was a farm for the nobility until it was bought by a bishop from Bergen in 1663. His name was Jens Schjeldrup. After a while he gave the farm to his daughter, who married a priest from Leikanger. His name was Jens Bugge, and that’s how the Bugge family came to Ornes.The farm, Urnes Gard, went from father to son (sometimes to a daughter). Eventually it was divided into several farms.