DISTRIBUSJON

Sommarsesongen er den travlaste tida for oss. Me sel produkta våre i vårt eige gardsutsal i Gamlefjøsen Kafé på Ornes. I tillegg leverer me Eplemost og Bringebærsaft til ulike restaurantar, kafear og hotell og lokale butikkar. Som eit resultat av at me har tatt eit val om å forbli små og “handlaga” trakk me oss i 2019 ut av dei fleste butikkar. Me har sendt litt via post til folk som ikkje lenger finn produkta våre i butikk, og me snusar litt på nettbutikk, men det er foreløpig berre planar. Gjennom vinterhalvåret deltar me av og til på REKO-ringen.

Ynskjer du å kjøpe Urnes Gard produkt, til privat bruk eller for vidaresal, ta gjerne kontakt på gardsmat(AT)urnes.no