Gamlefjøsen Kafé

Gamlefjøsen Kafé er ein sesongopen kafé som held til i den gamle fjøsen på garden (derav namnet). Menyen er enkel (den må stå i forhold til kjøkkenet) – me har heimelaga kaker og vafler med garden sitt eige syltetøy, toast og enkle lunsjalternativ som kan variere. I tillegg har me sjølvsagt varm og kald drikke og is. I tilknyting til kafeen er det eit gardsutsal der me sel eigenprodusert saft, syltetøy, gele, eplemost mv, samt honning frå Luster. Me sel og handarbeid for dei lokale som ynskjer å selje. For opningstider sjå Google og Facebook der me prøver å halde det oppdatert til ei kvar tid!   

Leave a Reply